JR EM 2017: Intervju med jente-sjefen Sven Olai Høyland

Sven Olai

Som nybakt europamester ser vi at sjefen for jentelaget er ambisiøs og virkelig setter standarden for sine elever. Norge stiller med et sterkt lag i jenteklassen og nå håper vi på edelt metall til våre jenter.

Sven Olai stilte velvillig opp da vi stilte noen spørsmål rett før avreise.

 

  1. Norge stiller med et lag med navn vi etter hvert har sett i noen mesterskap, er det riktig å si at vi har et rutinert lag sammenlignet med de andre nasjonene?

Vi har nok meir rutine enn dei fleste laga, men ikkje meir enn dei hardaste konkurrentane. For Sofie og Thea Hauge blir dette deira 5. EM/VM, for Thea Lucia det fjerde, Katarina det tredje og Agnethe det andre. Laget er framleis ungt. Våre spelarar er mellom 15 og 20 år (du kan spele til og med det året du er 25).

  1. Hvorfor stiller Norge med 5 spillere, spiller alle rundt med hverandre eller gir dette større belastning på enkelte spillere?

Vi har heldigvis etter kvart fått mange fleire unge jenter som spelar bridge, men dei som reiser til Slovakia er framleis ein god del betre enn dei neste beste. No kan vi stille to relativt jamne par i alle kampane. Planen er at kvar jente spelar saman med to av dei andre på laget, men alle spelar same system så i teorien er vi fleksible om ein av kombinasjonane skulle fungere dårleg. Vi skal spele 4 kampar med 14 spel kvar dag. Det er eit tøft program, så eg reknar med at alle stort sett spelar 3 kampar om dagen (og så må ei spele 4).

  1. Hvilke andre nasjoner anser du for å være de sterkeste utfordrerne?

Nederland, Polen og Frankrike. Nederland var suverene i VM i fjor, så sjølv om dei har mista spelarar i år er dei ganske klare favorittar.

  1. Hva er ambisjonene i årets EM?

Det er naturleg å sikte mot medalje.

Vi ønsker Sven Olai og jentene hans lykke til i EM. Selv om sjefen brukte opp mye av egen kvote av drag og hell i Italia er det all grunn til å håpe at elevene har fått sin tilmålte andel og vil bruke den skarpt i jr EM.